Brønnen
Spelet er ein fabel om den snille manndattera og den slemme kjerringdattera og hennar vonde mor. Båe plagar dei manndattera så godt dei kan, og ho slit med alt gårdsarbeidet, medan kjerringdattera og mora berre skjenner på ho og ikkje gjer noko sjølve. Til sist kastar dei ho i brønnen, og her startar ein underjordisk reise blant troll og snille fuglar.Reisa gjer manndattera medviten om seg sjølv, og det er eit nytt menneske som stig opp av brønnen etter endt ferd. No vil også kjerringdattera ned i brønnen for å "vinne gods og gull", men av di ho er slem og eigenrådig, klarar ho ikkje prøvane og sit att med eit tomt skrin. Det er freistande å tolke spelet som noko anna enn berre eit eventyr, noko ei eventuell framsyning utan tvil ville tene på.
Detaljer
- Manus id: 4310
- Forfatter: Peder W. Cappelen
- Kategori: Eventyr / Fabel
- Språk: Norsk, bokmål
- Originalspråk: Norsk, bokmål
- Registrert: 19.03.1999
- Tilgjengelig: Ja
Roller
- 2 Menn
- 3 Kvinner
Merknad
Dramatisering av eventyret "Mannedattera og Kjerringdattera".