Mord i mørke

Drama og Skoleteater. "Mord i mørke" er ei komplisert kriminalkomedie _ for komplisert til at ho lar seg gjenfortelje her. Men ramma om det heile er eit overklasse-miljø i tjugeåra der vi møter den tyranniske og upopulære professor Nattstrøm og familiekretsen hans. På sylvbryllupsdagen vert han funnen ihelstukken på golvet etter at ljoset har vore borte nokre minuttar pga. ei kortslutning. Inspektør Sporvoll og betjent Rask får ei vanskeleg oppgåve, men dei lar det gå prestisje i ho, og gjer seg ikkje før dei har funne den skuldige. Alle dei sju som var til stades har sine motiv for ei slik ugjerning, og alle har hatt høve til å gjere noko slikt i løpet av dei lagnadstunge minuttane. Når avsløringa kjem har alle vore i søkjeljoset.

50 min Målgruppe: U/V Publikum: U/V

Detaljer

  • Manus id: 4665
  • Forfatter: Rolf Rolfsen
  • Kategori: Komedie / Farse
  • Språk: Norsk, bokmål
  • Registrert: 19.03.1999
  • Tilgjengelig: Ja

Roller

  • 11 Menn
  • 8 Kvinner

Merknad

2 akter