Måken
Konstantin skal debutere som dramatikar. På scenen står kjærasten hans, Nina. Blant publikum er mora, Arkadina, ei fetert skodespelarinne frå Moskva og elskaren hennar, den berømte forfattaren Trigorin. Framsyninga blir ikkje nokon stor suksess. Konstantin erkjenner at han må moderere dei litterære ambisjonane sine. Sakte går forholdet til Nina i oppløysing. Ho kjenner seg tiltrekt av Trigorin og innleier seinare eit forhold til han. I Måken syner Tsjekhov for første gong sitt særeigne blikk inn i menneskesinnet. Tsjekhovs teaterstykke er blitt karakteriserte som stemningsdrama. I motsetnad til intrigedramaet, som var det vanlege på denne tida, lar Tsjekhov handlinga berre bli eit bakteppe for dei kvardagslege hendingane. Han skildrar både menneskeleg dårskap, livsmot og nederlag med ein overberande humor og med ein stor porsjon menneskeleg varme og innsikt. I Måken rører han òg ved generasjonskonfliktar. Alle karakterane står på forskjellige stader i livet. Felles er at dei har eller hadde store forventningar til livet. Ingenting blir heilt som dei hadde trudd eller håpa på.
Detaljer
- Manus id: 5574
- Forfatter: Anton Tsjekhov
- Oversetter: Kjell Helgheim
- Oversetter: Ola E. Bø
- Kategori: Drama
- Språk: Norsk, bokmål
- Originalspråk: Russisk
- Registrert: 19.03.1999
- Tilgjengelig: Ja
Roller
- 7 Menn
- 4 Kvinner
Merknad
Dramas har også manuset på bokmål.