Ein skuleklasse skal ha prøve, Nasjonal prøve. På naboskulen er det kome truslar om skulemassakre, men prøva må gå si gang for ein kvar pris. Det store uromomentet i klassen, Vidar, er tidligare utvist og flytta til naboskulen. Kan det vere han som står bak truslane? Teksten beskriv korleis eit lite samfunn blir rive i sund av frykt. Konkret frykt, men òg frykta for det som er annleis det som ikkje passer inn. I løpet av stykket ser vi korleis fleire kan ha motiv for å øydelegge eit miljø som ikkje heilt har plass til enkeltindivida. Teksten leikar med forma. Med fundament i det gjenkjennelege, bryt historia ut av det realistisk avgrensa klasserommet.
Detaljer
- Manus id: 9944
- Forfatter: Maria Tryti Vennerød
- Kategori: Drama
- Språk: Norsk, nynorsk
- Registrert: 22.09.2011
- Tilgjengelig: Ja
Roller
- 5 Menn
- 6 Kvinner
- 0 Barn
Merknad
DUS-manus