Foto brukt med tillatelse

Styreleiar: Eli Ulvestad


Møt Eli Ulvestad, som er styreleiar i Dramas. Eit livslangt forhold til ungdomslagsrørsla har overtydd henne om at amatørteatret, og dei små scenene landet rundt, er viktig for at folk kan vere publikum, eller stå på scena, eller stå på bak scena! No i førjulstida presenterer vi Dramas sitt styre, som sidan 2020 er sett saman med utgangspunkt i kvart enkelt styremedlem sine kvalifikasjonar.

– Kva slags erfaring, kvalifikasjonar og engasjement har du med deg inn i Dramas-styret?
– Eg har mange års erfaring frå det frivillige organisasjonslivet, både som medlem, utøvar og tillitsvald. Eg har arbeidd med kultur- eller organisasjonsarbeid i stort sett heile mitt yrkesaktive liv, der eg på ulike måtar har arbeidd for å støtte opp under det lokale engasjement i kultur- eller foreiningslivet.

Eg har eit livslangt forhold til ungdomslagsrørsla, og brenn for dei små scenene. Både fordi dei er så viktige for at folk i heile landet skal få høve til å verre publikum, men også fordi amatørteatret har ein plass til alle. Funksjonane bak scena, og støtteapparatet rundt, er like viktig som dei som står i rampelyset, meiner Eli.

– Kva for amatørteaterframsyning er den beste du har sett?
– Den beste amatørteaterframsyninga er utan tvil BUL i Nidaros si oppsetjing av Peer Gynt, så langt tilbake som i 2004. Førestillinga blei satt opp i eit telt på torget i Trondheim, og publikum omkransa scena. Her viste BUL fram alt dei hadde av kreativitet og dyktigheit, med alt frå kostymeproduksjon, musikk til skodespel. Eg ser fortsatt scena levande føre meg.

– Kva er favorittstykket ditt – som burde ha vore tilgjengeleg i Dramas?
– «Tonje Glimmerdal» av Maria Parr burde fått eit større publikum. Mange barn har blitt kjent med Tonje gjennom bøker og barne-TV, og endå fleire burde bli kjent med ho på scena. Kanskje eit krevjande stykke å lage scenografi til, men det hadde vore spennande å sjå dette løyst på ei amatørteaterscene.

– Og kva for rolle skulle du gjerne spelt sjølv?
– Eg gjer meg nok definitivt best bak eller rundt scena, svarer Eli med ein liten latter.

– Det går mot juletid, så kanskje du har ei juleteater-oppleving å dele?
– Det har dessverre blitt lite med juleteateropplevingar dei seinare åra. Eg håpte lenge at eg i år skulle få med meg Jugendteatret i Ålesund si Putti Plutti Pott-oppsetjing, sidan ei av niesene mi er nisse der, men dette fekk eg ikkje til. Dette er faktisk Jugendteatret si 28. oppsetjing av Putti Plutti Pott. Ganske imponerande!

– Eit juleønske for deg sjølv?
– Billettar og ikkje minst tid til å få med meg alt spennande som blir satt opp på teaterscenene i Oslo, der eg bur. Sjølv om amatørteatret er noko for seg sjølv, har eg også stor glede av det institusjonsteatra tilbyr.

– Og eit juleønske for dei som speler amatørteater?
– Eg har kanskje meir eit nyttårsønskje enn eit juleønskje. Eg håper inderleg at 2022 skal bli året utan koronarestriksjonar for amatørteatret. At alle teatergruppene kan få planlegge og ikkje minst gjennomføre produksjonane sine, til fulle hus!