Brand
Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hansen har tidlegare samarbeidd om produksjonar som «Evangeliet etter Markus», «Apostlenes gjerninger» og «Abrahams barn», framsyningar om tru som har skapt reine folkevandringar til teatersalane.
Det handlar framleis om gudstru, men denne gongen møter vi ei tru så sterk at ho blir til fanatisme. Trua på kjærleikens Gud krev så store offer at ho øydelegg livet. Presten Brand blei av Ibsen sjølv framheva som eit ideal. Brand er mig selv i mine bedste øjeblikke, skreiv diktaren om karakteren. For Brand er sjølve motstykket til den kjernelause Peer Gynt, som Ibsen skapte på same tida. Peer kjenner ingen konsekvensar, han flyktar frå realitetane, lyg for seg sjølv og andre, mens Brand aldri går utanom. Han tek avstand frå alle kompromiss og all pragmatisme. Kravet er alt eller ingenting. For sanninga er enten eller.
«Ver ikkje eitt i dag, i går,
og noko anna om eit år.
Ver fullt og heilt den mann du er
og ikkje delt i all di ferd.»
– Henrik Ibsen
Om «Brand» på Det Norske Teatret i 2015:
«Granskende idéteater om menneskelighet og mening»
– Dagbladet
«forestillingen byr på innsikt og tankegods; om hvor grensen går mellom destruktiv fanatisme og renskåren idealisme»
– VG (terningkast 5)
«Svein Tindberg som Brand gjør nok en stor rolle i Det Norske Teatrets dybdeborring i troens landskap»
– Vårt Land
(Omtale henta frå www.detnorsketeatret.no)
Detaljer
- Manus id: 10417
- Forfatter: Henrik Ibsen
- Dramatisør: Kjetil Bang-Hansen
- Oversetter: Edvard Hoem
- Kategori: Drama
- Språk: Norsk, nynorsk
- Originalspråk: Norsk, bokmål
- Registrert: 15.09.2020
- Tilgjengelig: Ja
Roller
- 5 Menn
- 3 Kvinner
- 0 Barn
Merknad
Manus frå Det Norske Teatret i 2015.
Roller:
Brand
Mor hans
Einar
Agnes
Futen
Dokteren
Prosten
Gerd
Koret