Vedtekter


Vedtekter for Dramas, stifta 17.12.2015.

§1    Føremål

Dramas sitt føremål er å formidle manus og klarere framføringsrettar, og å styrke og utvikle manusutvalet for norsk amatørteater.


§2    Verdigrunnlag

Dramas arbeider med utgangspunkt i åndsverkloven.

Dramas anerkjenner verdien av amatørteater som eit område der kultur vert formidla breitt, på store og små arenaer og i høg grad ved hjelp av frivillig arbeid.

Dramas anerkjenner den viktige rolla som drama og teater kan spele, både som verkemiddel og mål, i frivillige organisasjonar, skular og kulturskular.


§3    Medlemsskap

Medlemsskap i Dramas kan bli gitt til nasjonale organisasjonar og kompetansesenter som har amatørteater som ein sentral del av verksemda si. For å bli medlem må organisasjonane vere demokratisk oppbygde, og ha lokalt amatørteaterarbeid som ein del av aktiviteten sin.

Søknader om medlemskap blir avgjort av årsmøtet.


§4    Årsmøte

Årsmøtet er Dramas sitt høgste organ, og skal haldast kvart år innan utgangen av mai månad.

Kvart medlem kan delta på årsmøtet med 2 representantar med tale-, forslags- og stemmerett. Styret deltek på årsmøtet med tale- og forslagsrett.

Innkalling med førebels saksliste til årsmøtet skal vere sendt medlemmane seinast 8 veker før møtet.

Forslag frå medlemmane til saker ein vil årsmøtet skal handsame, må vere styret i hende seinast 6 veker før møtet.

Endeleg saksliste med sakspapir skal vere sendt medlemmane seinast 4 veker før møtet.

Styret innstiller overfor årsmøtet i alle saker, med unntak av val av styre. Valkomiteen innstiller på nytt styre.

Årsmøtet godkjenner årsmelding og regnskap for føregåande år, og fastset strategiplan og budsjett for det påfølgjande året. Årsmøtet vel styre og valkomité i tråd med §5.


§5   Styre

Styret har ansvar for at Dramas blir drive i samsvar med vedtektene, strategiplanen og andre vedtak gjort av årsmøtet.

Styret har 5 medlemmar med 3 varamedlemmar. Leiar blir vald for 2 år. Styremedlemmane blir valde for 2 år, slik at halvparten står på val kvart år. Varamedlemmane blir valde for 1 år.

Valkomiteen er samansett av ein representant frå kvar av medlemsorganisasjonane. Den enkelte medlemsorganisasjon utpeikar sin representant. Medlemmar i valkomiteen har ein valperiode på eit år av gongen. Valkomiteen konstituerer seg sjølv.


§6    Endringar i vedtektene

Framlegg om endringar i vedtektene må vere styret i hende seinast 60 dagar før årsmøtet, og skal kunngjerast for medlemmane seinast 30 dagar før årsmøtet. Vedtektsendringar krev 2/3 fleirtal, og trer i kraft frå det tidspunktet årsmøtet fastset.


§7    Oppløysing

Framlegg om oppløysing av Dramas må vere styret i hende seinast 60 dagar før årsmøtet, og skal kunngjerast for medlemmane seinast 30 dagar før årsmøtet. Oppløysing av Dramas krev 2/3 fleirtal. Eigendeler og disponible midlar skal nyttast i samsvar med § 1 i vedtektene. 

 

Vedtektene blei sist endra på årsmøtet 30.05.2024.