Den pantsette bondeguten

Herr Pengelens skal ut med pengar, og Pernille, tenestejenta hans, er som i alle Holbergkomediar, den som hjelper. Ein godtruen bondegut på bytur gir henne ideen til eit spel som kan gi pengar i kassa. Ho veit at folk ser opp til dei som har pengar og titlar. Så gjer ho bondeguten til greve og herr Pengelens til hovmeisteren hans, og trass i at "greven" ber seg noko underleg åt, går den eine etter den andre på limpinnen. Etter eit stort kalas stikk "hovmeisteren" av med det han har kjøpt i "grevens" namn,og set bondeguten att som pant . Kreditorane vil hengje stakkaren, men får medynk med han då foreldra kjem og leitar etter han. Elles har dei berre sin eigen toskeskap å takke for at dei vart rundstolne.

Rettigheter : fri med unntak av oversettelse/bearbeidelse.

30 min Målgruppe: V

Detaljer

  • Manus id: 4465
  • Forfatter: Ludvig Holberg
  • Oversetter: Tove Bryn Haaland
  • Kategori: Komedie / Farse
  • Språk: Norsk, nynorsk
  • Registrert: 19.03.1999
  • Tilgjengelig: Ja

Roller

  • 11 Menn
  • 3 Kvinner

Merknad

3 akter