Heksesteinen
Har du møtt ei heks? I Bergen for eksempel! Eller i London? Eller i Førde sentrum? Var hekser noko som berre fanst før? Eller fins dei også i dag – her og no? «Heksesteinen» er den dramatiske og romantiske historia om den unge kvinna som vart dømd som heks fordi ho elska presten i bygda. I året 1683 miste både ho og presten livet under mystiske omstende, og heksesteinen forsvant sporlaust. I året 2000 skjer det plutseleg ting som minner forunderleg om det som hende over tre hundre år tidlegare. Og hovudpersonane er også no ei ung, vakker kvinne og ein prest. Og ein merkeleg lysande stein – den magiske heksesteinen. Slik er den fantastiske historia til Mattis, den unge forteljaren i stykket.
Detaljer
- Manus id: 8654
- Forfatter: Rolf Losnegård
- Kategori: Historisk
- Språk: Norsk, nynorsk
- Registrert: 17.08.2000
- Tilgjengelig: Ja
Roller
- 11 Menn
- 14 Kvinner
- 0 Barn
Merknad
Musikk: Erling Paul Eikemo og Richard Herland